Bønehus

I 2009 byrja Øystein Hilleren og Anne Marit Dugstad og av og til nokre fleire å møtast i «Nain» for å be for Voss. Dette var utifrå ein konkret draum om å starta eit 24/7-bønehus, og ein sterk lengsel etter å oppleva at vossingane vender attende til Gud.

Etterkvart har ting vorte meir formalisert. No kallar me oss «Voss Bønehus». Me ynskjer at arbeidet vårt skal vere tverrkyrkjeleg, med fokus på bøn, tilbeding og Guds nærvær. Me er ikkje ei ny forsamling, men ynskjer å vera til velsigning for forsamlingane på Voss. I 2016 vart vi med i Nasjonalt bøneråd. Me byggjer på klassisk evangelisk kristen tru og er åpne for karismatiske ytringar.

Ein vanleg bønehussamling

På ein vanelg bønehus- ettermiddag skiftar me mellom bøn, tilbeding og tid saman med Jesus. Det er av og til overføring frå IHOP, og nokre gonger har me annan musikk. Under desse bolkane er ein fri til å sitja, liggja, stå, dansa, lesa, be. Det vil og vera tid med lovsong og forbøn leia frå scenen.

Ein kan koma og gå på desse samlingane som ein vil, men det kan vera lurt å koma i starten av ein time.

Kva er 24/7 og bønehus rørsla?

I Åp. 4,8-11 står det om tilbedinga som føregår i Himmelen natt og dag. I Fadervår ber me ei bøn om at Herrens vilje skal skje på jorda som i Himmelen. På 17-hundretalet eksisterte det ein bevegelse i Europa, kalt Hernhuter-bevegelsen. Bøn gjekk på omgang, slik at det vart døgnkontinuerleg bøn 100 år i strekk.

I vår tid har bønehus oppstått, (nokon døgnkontinuerleg, andre nokre timar for dagen eller for veka) m.a. i USA-Kansas City, Brasil, Jerusalem, Nederland, England og Tyskland. I Norge har me m.a. Nordic Mission i Levanger, Bønn for Oslo, Bergen i Brann, Bønehus i Kristiansand og Stavanger. Ungdom i Oppdrag på Grimerud hadde to års kontinuerleg bøn mellom 2010 og 2012.

IHOP

IHOP står for International House of Prayer, og dette vil du møta gjennom Voss Bønehus. IHOP er eit 24/7-bønehus i Kansas City, USA. Dei starta for 15 år sidan, og har helde på kontinuerleg sidan då. Lovsongsleiarar som Misty Edwards og Audra Lynn er blitt kjent gjennom IHOP. Leiaren for IHOP heiter Mike Bickle.

Lat riket ditt koma , Lat viljen din råda på jorda så som i Himmelen
Matt. 6,10

Visjon og verdier

for Voss Bønehus

1. Me drøymer om eit 24/7-bønehus på Voss.

Eit 24/7-bønehus betyr at det er kontinuerleg bøn og tilbeding natt og dag, 24 timar i døgnet/7 dagar i veka.

Me ynskjer å vera ein del av Bønehusbevegelsen, som f.eks. Ffald-y-Brenin, 24/7prayer, Nordisk Bønnesenter i Levanger og International House of Prayer – Kansas City, USA (IHOP)

2. Voss Bønehus er ein stad for Herrens nærvær

 Me har tru for at Herren vil koma nær når me er samla til bøn og tilbeding. Me lengtar etter å erfara meir av Hans nærvær, og å sjå meir av Han.

 

Så sveipte skya seg om møteteltet, og Herrens herlegdom fylte heilagdomen (tabernaklet). Moses kunne ikkje gå inn i møteteltet, fordi skya låg over teltet og Herrens herlegdom fylte heilagdomen (tabernaklet.) For Herrens sky låg over heilagdomen om dagen, og om natta lyste ho som eld for augo på alle israelittane, så lenge ferda varte
 2 Mos. 40. 34-35 og 38

 

Så har vi då, brør, i Jesu blod frimod til å gå inn i heilagdomen. Dit inn har han opna ein ny og levande veg for oss gjennom forhenget, det vil seie hans jordiske lekam. Og når vi har så stor ein prest over Guds hus, så lat oss stiga fram med ærleg hjarta, med full visse i trua, med hjarta reinsa for vondt samvit og lekamen lauga i reint vatn.
Hebr. 10, 19-22

Lovsang

3. Voss Bønehus er ein stad for tilbeding, bøn og forbøn

Tilbeding

Me ynskjer at tilbeding av Herren skal ha ein sentral plass i Bønehuset, fordi me trur at Han har skapt oss for å tilbe,- og fordi Han er verdt det!

Me tilber fordi Han har sett oss fri frå synd, skam og sjukdom. Me ynskjer å syngja til Gud, ikkje berre om Gud. Me ynskjer å samla menneske med spesielt kall til tilbeding og lovsongsleiing for å utføra denne tenesta.

«Eg vil lovsyngja Herren; Til evig tid skal alt som lever, lova Hans Heilage Namn»
Salme 145,21

Natt og dag ropa dei, utan stans: Heilag, heilag, heilag er Herren Gud, Den Allmektige, han som var og som er og som kjem
Åp. 4,8b

Bøn

Bøn er kommunikasjon med vår himmelske Pappa. Me trur at bøn skal vera like naturleg som i eit godt far-barn-forhold.

Me ynskjer at den einskilde skal få bruka rikeleg tid med Herren, utvikla sitt hjarteforhold til Han, kjenna Han og Hans fred som overgår all forstand. Å bruka tid saman med Herren gjer noko med oss. Me vert forvandla til Hans bilde.

Det var ikkje ei trældomsånd de fekk, så de atter skulle reddast. Nei, det var Barnekårsanden de fekk, som gjer at vi ropar Abba, Far
Rom 8.15

Forbøn

Me ynskjer å samla dei som er kalla til forbøn, slik at me saman kan be om gjennombrot for Guds rike, og slik at menneske omvender seg til Herren. Me ber for forsamlingane på Voss, om frelse for menneska som bur her og for alt som rører seg i samfunnet.

Me har tru for å be om at Voss skal forvandlast til det Gud vil. Me drøymer også om at våre forbøner skal påverka Vestlandet, Norge, ja, til og med Europa!

Svar meg, Herre, svar meg, så dette folket kan sjå at du, Herre, er Gud, og at du vender hjarto deira attende til deg
1. Kong 18,37

Eg vil gå føre deg. Bakkar vil eg jamna, bronsedører vil eg sprengja, og jernbommar vil eg slå sund. Eg vil gje deg skattar, dulde i mørket, og rikdomar, gøymde på løynlege stadar, så du skal vita at eg er Herren, Israels Gud, som har kalla deg på namn
Es. 45.2-3

4. Voss bønehus skal vera ein ressurs i bøn og tilbeding for Voss og området rundt

 

Me ynskjer å vera til inspirasjon for forsamlingane på Voss, f.eks. gjennom å tilby undervisning og praksis spreia. Me ynskjer å spre Bønehusvisjonen til bygdene omkring (f.eks  Sogn, Kvam og Vaksdal)

 

Bøn for Voss

Profetiske ord for Voss Bønehus

 

 

Me trur at Gud har gitt oss i bønehuset nokre bibelavsnitt som er spesielt til oss. Desse avsnitta seier mykje om det vi går for i Voss Bønehus, og blir brukt jevnleg i  bønnearbeidet.

 

  • Elva Esekiel 47
  • Der Herrens Ande er, der er det fridom Jesaja 61
  • For Sions skuld vil eg ikkje teia, hverken dag eller natt Jesaja 62
  • Ein stad der menneske kan få møte Gud og lære å kjenna Hans vegar Jesaja 2,2-5

 

Eit endra samfunn

 

Me drøymar om å sjå at Voss vert forandra. At menneske byrjar å tru på Jesus, at familiar vert gjenoppretta, at Guds ord og bøn kjem inn igjen i samfunnslivet, f.eks i næringsliv og skule. Me trur at bøn og tilbeding er nøklar til at dette kan skje.

Leiarar

Øystein Hilleren er født i 1982, er gift med Sigrid og har fem sønner.  Han var med å starte bønnehuset sammen med Anne Marit Dugstad og er fortsatt med i ledelsen. Han har et hjerte for bønn og for å se Voss og Vestlandet forvandlet av Gud. I tillegg liker han å se mennesker møtt av Gud og helbredet på gatene.

Anne Marit Dugstad kjem frå Voss og arbeider til dagleg som sjukepleiar på Voss Sjukehus. Ho er ei av dei som var med å starta Voss bønehus. Ho er veldig glad i å vera i bøn og tilbedelse i Herrens nærvær. Ho har et stort hjarte for Voss og det å be for bygda. Hennar draum er at Voss bønehus skal vekse, og at fleire skal oppleva kor godt det er å bruka tid med Jesus i bøn og tilbeding. Ho lengtar også etter å sjå bønesvar som er med på å forvandla Vossebygda.

Jostein Kringlebotten er født i 1976, kjem frå Stanghelle og har budd på Voss sidan september 2004. Arbeider til dagleg på Vossestrand Omsorgstun som reinhaldar.  Har eit håp om at fleire ungdommer på Voss blir kjent med Jesus. At fleire ungdommar kan sjå kor fantastisk det er å be og lovsynge. Synest det er fantastisk å lytte til god lovsang.

Samuel Haukanes er fødd i 1992 og kjem frå Bergen. Han er med som frivillig i Voss Bønehus og jobbar tett saman med Øystein Hilleren. Han er framleis busett i Bergen, men reiser opp til Voss annakvar veke for å vera med. Samuel brenn for det profetiske og at menneske skal verkeleg få eit forvandlande møte med Jesus.

Siv Tove Melve kjem opprinneleg frå̊ Voss og har komme tilbake etter mange år på austlandet. Ho bur på Melve saman med barn og barnebarn og arbeidar til dagleg som sjukepleiar ved Vossestrand Omsorgstun. Ho har vore med i bønehuset som bøneleiar i fleire år og har eit hjarte for Israel og det profetiske.

Bøneleiarar

Leiare og ansvarlege er bøneleiare i tillegg til andre lokale frivillige.

Lovsangsleiarar

Sigrid Hilleren er vaksen opp på Osterøy, busett på Voss og gift med Øystein Hilleren. Saman har dei sonen Peter Olai. Ho har vore med som lovsangsleder i bønnehuset sidan oppstarten, og leiar òg lovsong i den lokale forsamlinga si. Det å tilbe Jesus i ånd og sanning ligg henne på hjartet, og å sjå andre erfara Gud gjennom tilbeding og tid i nærværet hans.

Knut Kvamme kjem frå Voss, og er forsamlingsleiar i Voss Indremisjon. Han er også med som lovsongsleiar i Voss bønehus. Det største for Knut er å kjenne Jesus og eiga det evige livet. Han har eit stort hjarte for felleskap, bibel og bøn, og er svær takknemleg for å tena den levande Gud. For Knut får denne takken og tilbedelsen mellom anna utrykk i lovsangen både i Voss bønehus og ellers.

Mathias Furnes kjem frå Åsane i Bergen og etter eit år på International House of Prayer (IHOP-KC) drøymer han om å sjå lovsong og bønn stiga frå det norsk folk natt og dag forran Guds trone, og at forsamlinga skal finna plassen sin i intimitet med sin Skaper. Han er òg ein aktivt lovsongar i Kristkirken, ungdomsarbeidet Kanal U, diverse bønnehus og studera på NHH.

Anne-Linda Bratsberg Thorsen er gift med Kjell-Morten og bur i Bergen. Ho er ‘free-lance’ musikar og er med i det profetiske lovsangsbandet ‘Connected’. Ho speler trommar, syng og elskar å vera med på det Gud gjer rundt om i landet. Ho er mykje på reisefot og har òg gitt ut ein trommeundervisning over nett.

Bønehusråd

I rundt ti år har vi hatt Håvard og Karen Sand som våre mentorer i bønnehuset. De har jevnlig vært her på Voss og gitt oss råd og veiledning gjennom de utfordringer og den utviklingen vi har hatt. Vi er så takknemlige for dem begge og betydningen de har for oss i bønnehuset. Bønnehuset har gjennom årene vært i en stadig utvikling og vi tror at Gud kommer til å utvide våre grenser; derfor har vi besluttet å utvide gruppen av dem vi søker råd og veiledning fra. I slutten av oktober 2020, ble ‘Bønehusrådet’ opprettet og innsatt. Rådet blir nå de to første årene ledet Håvard og Karen Sand, og består av flere erfarne og gode mennesker som vi ønsker å knytte nærmere til bønnehuset. Bønehusrådet skal møte med ledergruppen i Voss Bønehus minst en gang i året og skal kunne komme med innsikt, råd og veiledning der det trengs. De vil også ha mulighet til å kunne gripe inn dersom de ser alvorlige utglidninger, teologisk eller etisk. Vi er svært takknemlig for hver enkelt av dem.

Rådsmedlemmar:

Anne-Linda Bratsberg Thorsen

Knut Johan Ullestad

Steinar Lofnes

Bjørn Olav Hansen

Mathias Furnes

Tarjei Cyvin

Håvard og Karen Sand

Sean Griffin

Givarteneste

Voss Bønehus vert drive av frivillige medarbeidarar, og er per dags dato utan tilsette. Vi drøymer om noko som er mykje mer enn det vi ser i dag, og derfor ønskjer vi også at dei som drøymer om at arbeidet skal blomstra og veksa kan vera med å gi økonomisk inn i arbeidet. Vi trur at det er ei velsigning å gje, og bønehuset ønskjer også å vera raus med å gje vidare.

Men det seier eg: Den som sparsamt sår, skal òg hausta sparsamt, og den som sår med velsigning, skal òg hausta med velsigning.  Kvar må gje det han har bestemt seg for i sitt eige hjarte, ikkje med ulyst eller av tvang. For Gud elskar ein glad gjevar. Og Gud er mektig til å gje dykk alle gåver i rikt mål, så de alltid og i alle høve skal ha alt de treng, ja, ha overflod til all god gjerning. For det står skrive: Han strødde ut og gav til dei fattige, hans rettferd skal alltid vara. Han som gjev såmannen såkorn og brød til å eta, han skal òg gje dykk såkorn og la det bera rikt, og grøda av dykkar rettferd skal han gjera stor

 2. Kor 9,6-10

Kontonummer: 9581.13.58364

Vipps: #551562#

Det er muleg å få skattefrådrag på gåver gitt til Voss Bønehus. Då er det viktig at du merkjer alle gåver med ditt fulle namn. I tillegg må du fylla ut eit skjema for samtykke. Skjemaet får du ved å henvenda deg  på epost voss@vossbonehus.no

Fakturaradresse

Faktura til Voss Bønehus kan sendes til: Voss Bønehus c\o Øystein Hilleren, Osavegen 2a, 5704 Voss