Om oss
Bønehus
I 2009 byrja Øystein Hilleren og Anne Marit Dugstad og av og til nokre fleire å møtast i «Nain» for å be for Voss. Dette var utifrå ein konkret draum om å starta eit 24/7-bønehus, og ein sterk lengsel etter å oppleva at vossingane vender attende til Gud.
Etterkvart har ting vorte meir formalisert. No kallar me oss «Voss Bønehus». Me ynskjer at arbeidet vårt skal vere tverrkyrkjeleg, med fokus på bøn, tilbeding og Guds nærvær. Me er ikkje ei ny forsamling, men ynskjer å vera til velsigning for forsamlingane på Voss. I 2016 vart vi med i Nasjonalt bøneråd. Me byggjer på klassisk evangelisk kristen tru og er åpne for karismatiske ytringar.
Ein vanleg bønehussamling
På ein vanelg bønehus- ettermiddag skiftar me mellom bøn, tilbeding og tid saman med Jesus. Det er av og til overføring frå IHOP, og nokre gonger har me annan musikk. Under desse bolkane er ein fri til å sitja, liggja, stå, dansa, lesa, be. Det vil og vera tid med lovsong og forbøn leia frå scenen.
Ein kan koma og gå på desse samlingane som ein vil, men det kan vera lurt å koma i starten av ein time.
Kva er 24/7 og bønehus rørsla?
I Åp. 4,8-11 står det om tilbedinga som føregår i Himmelen natt og dag. I Fadervår ber me ei bøn om at Herrens vilje skal skje på jorda som i Himmelen. På 17-hundretalet eksisterte det ein bevegelse i Europa, kalt Hernhuter-bevegelsen. Bøn gjekk på omgang, slik at det vart døgnkontinuerleg bøn 100 år i strekk.
I vår tid har bønehus oppstått, (nokon døgnkontinuerleg, andre nokre timar for dagen eller for veka) m.a. i USA-Kansas City, Brasil, Jerusalem, Nederland, England og Tyskland. I Norge har me m.a. Nordic Mission i Levanger, Bønn for Oslo, Bergen i Brann, Bønehus i Kristiansand og Stavanger. Ungdom i Oppdrag på Grimerud hadde to års kontinuerleg bøn mellom 2010 og 2012.
IHOP
IHOP står for International House of Prayer, og dette vil du møta gjennom Voss Bønehus. IHOP er eit 24/7-bønehus i Kansas City, USA. Dei starta for 15 år sidan, og har helde på kontinuerleg sidan då. Lovsongsleiarar som Misty Edwards og Audra Lynn er blitt kjent gjennom IHOP. Leiaren for IHOP heiter Mike Bickle.
Lat riket ditt koma , Lat viljen din råda på jorda så som i Himmelen
Matt. 6,10
Visjon og verdier
for Voss BønehusVisjon: Ein draum om 24/7 og eit forvandla Voss og Vestland.
Eit ressurssenter med sterkt Gudsnærvær, hengiven og profetisk bøn og overgitt tilbeding.
1. Me drøymer om eit felleskyrkjeleg 24/7-bønehus på Voss.
Eit 24/7-bønehus betyr at det er kontinuerleg bøn og tilbeding natt og dag, 24 timar i døgnet/7 dagar i veka.
Me ynskjer å vera ein del av Bønehusbevegelsen på Vestlandet og i Noreg. Me hentar inspirasjon også frå utlandet, som mellom anna Ffald-y-Brenin, 24/7prayer, Bønnehuset i Augsburg og International House of Prayer – Kansas City, USA (IHOP).
2. Me vil at Voss Bønehus skal vera ein stad der det er eit sterkt Gudsnærvær.
Me har tru for at Herren vil koma nær når me er samla til bøn og tilbeding. Me lengtar etter å erfara meir av Hans nærvær, og å sjå meir av Han.
Så sveipte skya seg om møteteltet, og Herrens herlegdom fylte heilagdomen (tabernaklet). Moses kunne ikkje gå inn i møteteltet, fordi skya låg over teltet og Herrens herlegdom fylte heilagdomen (tabernaklet.) For Herrens sky låg over heilagdomen om dagen, og om natta lyste ho som eld for augo på alle israelittane, så lenge ferda varte
2 Mos. 40. 34-35 og 38
Så har vi då, brør, i Jesu blod frimod til å gå inn i heilagdomen. Dit inn har han opna ein ny og levande veg for oss gjennom forhenget, det vil seie hans jordiske lekam. Og når vi har så stor ein prest over Guds hus, så lat oss stiga fram med ærleg hjarta, med full visse i trua, med hjarta reinsa for vondt samvit og lekamen lauga i reint vatn.
Hebr. 10, 19-22
3. Me drøymer om at Voss Bønehus skal vera ein stad av overgitt lovsang og tilbeding, hengiven bøn og forbøn som forandrar liv.
Lovsang og tilbeding
Me ynskjer at lovsang og tilbeding av Herren skal ha ein sentral plass i Bønehuset, fordi me trur at Han har skapt oss for å tilbe,- og fordi Han er verd det!
Me tilber fordi Han har sett oss fri frå synd, skam og sjukdom. Me ynskjer å syngja til Gud, ikkje berre om Gud. Me ynskjer å samla menneske med spesielt kall til tilbeding og lovsongsleiing for å utføra denne tenesta.
«Eg vil lovsyngja Herren; Til evig tid skal alt som lever, lova Hans Heilage Namn»
Salme 145,21
Natt og dag ropa dei, utan stans: Heilag, heilag, heilag er Herren Gud, Den Allmektige, han som var og som er og som kjem
Åp. 4,8b
Bøn
Bøn er kommunikasjon med vår himmelske Far. Me trur at bøn skal vera like naturleg som i eit godt far-barn-forhold, og Jesus sjølv brukar ordet Abba, som betyr pappa, om Gud.
Me ynskjer at den einskilde skal få bruka rikeleg tid med Herren, utvikla sitt hjarteforhold til Han, kjenna Han og Hans fred som overgår all forstand. Å bruka tid saman med Gud vår Far gjer noko med oss. Me vert forvandla til Hans bilde.
Det var ikkje ei trældomsånd de fekk, så de atter skulle reddast. Nei, det var Barnekårsanden de fekk, som gjer at vi ropar Abba, Far
Rom 8.15
Forbøn
Me ynskjer å samla dei som er kalla til forbøn, slik at me saman kan be om gjennombrot for Guds rike, og slik at menneske omvender seg til Herren. Me ber for forsamlingane på Voss, om frelse for menneska som bur her og for alt som rører seg i samfunnet.
Me har tru for å be om at Voss skal forvandlast til det Gud vil. Me drøymer også om at våre forbøner skal påverka «Vestlandet, Noreg og nasjonane».
«Svar meg, Herre, svar meg, så dette folket kan sjå at du, Herre, er Gud, og at du vender hjarto deira attende til deg»
1. Kong 18,37
«Eg vil gå føre deg. Bakkar vil eg jamna, bronsedører vil eg sprengja, og jernbommar vil eg slå sund. Eg vil gje deg skattar, dulde i mørket, og rikdomar, gøymde på løynlege stadar, så du skal vita at eg er Herren, Israels Gud, som har kalla deg på namn»
Es. 45.2-3
4. Me drøymer om at Voss Bønehus skal være eit ressurssenter for Noreg og nasjonane. Menneske kjem for å bli inspirert, få del i bønehusvisjonen og få kraft til teneste.
Eit ressurssenter er ein stad der menneske kan koma for å bli utrusta, oppmuntra og sendt ut. Vi ønskjer at alle dei fem tenestegåvene skal vera i funksjon, slik at folk kan få utvikla sine gåver og evner. Vi ønskjer at Voss Bønehus skal vera ein stad der nådegåvene er i funksjon og får veksa.
«Og det var han som gav somme til å vera apostlar, somme til profetar, somme til evangelistar, somme til hyrdingar og lærarar. Slik kunne dei heilage bli utrusta til teneste og Kristi kropp byggjast opp, til vi alle når fram til einskapen i trua på Guds Son og i kjennskapen til han og blir det mogne mennesket som har nådd sin fulle vekst og har heile Kristi fylde.»
Efs 4,11-13
«På same måten er det med dykk: Når de er så ivrige etter åndsgåvene, så søk å bli rike på gåver som byggjer opp forsamlinga!»
1.kor 14,12
5. Me ønskjer å sjå Gud reisa opp bønehus på Vestlandet og i Noreg.
Gud gjer noko nytt i landet vårt og i verda elles. Han kallar menneske til bøn og til å samlast i bønehus. Dette vil me vera med på. Me ønskjer å spreia Bønehusvisjonen til Vestlandet og utover i Noreg.
Me ønskjer også å vera til inspirasjon og velsigning for forsamlingane på Voss og Vestlandet, t.d. gjennom å tilby undervisning og praksis.
6. Me vil sjå eit forvandla Voss og Vestland
Me drøymer om å sjå at Voss og Vestlandet vert forandra. At menneske byrjar å tru på Jesus, at familiar vert gjenoppretta, at Guds ord og bøn kjem inn igjen i samfunnslivet, mellom anna i næringsliv, skule og helsevesen. Me trur at bøn og tilbeding er nøklar til at dette kan skje.
Me drøymer om å vera med på å gjenreisa murane, og byggja opp att ruinane frå gamal tid. Dette vil føra Noreg tilbake til Jesus.
«Herren skal alltid leia deg og metta sjela di i det tørre landet. Han skal styrkja kroppen din så du blir som ein vassrik hage, ei kjelde der vatnet aldri sviktar. Dine gamle ruinar skal byggjast opp att, du skal gjenreisa grunnmurar frå eldgamle slekter. Du skal kallast Den som murar att rivner, Den som set i stand vegar så folk kan bu der.»
Jesaja 58, 11-12
Profetiske ord for Voss Bønehus
Unikt for Voss Bønehus (Visjonsord – kategori 1)
- Voss Bønehus er eit pioneer-arbeid og starten på ei ny rørsle (bevegelse). Me er ein prototype, eit førebilete og ein samlingsstad for bønehusa i Noreg. Me har eit forløparkall, og autoritet er gitt til å vera med å leia Bønehusbevegelsen.
- Voss Bønehus er kalla til å vera ein stad der menneske frå Noreg og nasjonane kjem saman og blir kobla saman. («connected»). Menneske blir fornya og får kraft til teneste. Eit lys for dei nedbrotne, ein kvilestad for menneske, ei hamn, ein stad av oppfrisking og fornying.
- Voss Bønehus forvaltar ei kjelde av levande vatn som renn frå Heilagdomen. Det er ei elv, livets elvmed levande vatn som skapar nytt liv, fridom, forvandling og lækjedom. Elva flyt ut over Voss, Vestlandet og vidare ut. Den går til samfunnet og til forsamlingane. Elva blir forløyst gjennom lovsong og tilbeding. (Esekiel 47).
- Voss bønehus er kalla til å vera med på å gjenreisa murane og byggja opp igjen ruinane frå gamal tid. (Jesaja 58 og Jesaja 61)
- Voss bønehus er kalla til å la elden brenna 24/7 slik som i tronrommet. Som på jorda som i Himmelen. (Åp 4:8-11)
Meir generelt (Fundamentord for bønehus – kategori 2)
- Voss Bønehus dannar vern, ein eldmur, eit gullkjede for Voss i bøn og i lovsong (Bibelvers, eldmur frå Sakarja 2:9 og Jesaja 61 Vektar på muren).
- Voss Bønehus sprengjer hindringar, opnar portar og stengde dører gjennom bøn, proklamasjon og lovsong. Me ryddar veg for Herren (Salme 24, Jesaja 45, Jesaja 58 og 61, Markus 1:3).
- Voss Bønehus er kalla til å vera eit bønehus der det intime forholdet med Herren er i fokus og blir utvikla. Der Gud og menneske møtest på det djupe, og kjærleik spring fram. Ein stad der me kan høyra Han og læra Hans vegar å kjenna (Jesaja 2:3).
- Voss Bønehus er ein stad for Herrens nærvær (2.Mos. 40:34-35 og 38, Heb 10:19-22).
- Voss Bønehus er ein stad der Jesus Kristus den heilage Kongen er i sentrum. Han er gitt all makt i himmel og på jord, og me ber og lever ut frå Hans siger på korset. Han er «klippen», og me vel å stola på Han i alt (Jesaja 6:2-3).
- Voss Bønehus er kalla til å vaka og be, velsigna det Gud gjer, kjenna tidene og akta på det (1.Krøn 12:32).
Verdiar
- Jesus Kristus er den heilage Kongen i sentrum
Jesus Kristus er sentrum for liva våre og i Bønehuset. Han er den evige Kongen me opphøgjer.
- Me vil gje rom for Den heilage ande
Den Heilage Ande skal få rom til å bevega seg i bønehuset, slik at menneske kan bli berørt av Han, og slik at Han får leia oss når me ber.
- Gud er ein god Far som vil det beste for oss
Guds godheit er veldig viktig for oss. Han er ein god Far som vil det beste for barna sine. Igjennom openberringa av at Han har akseptert oss og at me er arvingar til Hans rike, så veit me at Han høyrer og svarer når me ber, at Han er for oss og ikkje imot oss.
- Familie og relasjonsbasert
Familie og relasjon er heilt sentralt i Guds rike. Gud elsker familie, Han er vår Far og vi er Hans barn. Meir enn ein ressurs er menneske ein del av familien, elska av Gud. Vi ønskjer å ha rom for relasjonsbygging, måltidsfellesskap og å oppmuntra og heidra kvarandre i bønnehuset.
- Me er ein forløpar og prototype på bønehus i Noreg
Gud har kalla oss til ei forløparteneste. Det betyr at me er eit førebilete for bønehus som Gud reiser opp, og at me baner vegen for det Han vil gjera i nasjonen.
- Guds Ord er øverste autoritet, og me byggjer på klassisk evangelisk kristen tru.
Alt me gjer i Voss bønehus, byggjer på Guds Ord. Jesu død og oppstode er sjølve grunnsteinen for trua vår. Det er ikkje meiningane våre som bestemmer kva som er sant, men Guds ord. Me står for eit klassisk syn på at ekteskap er mellom mann og kvinne, og at relasjonen mellom mor, far og barn er ei viktig ordning for Gud.
- Viktig for oss å lytta til Gud
Me vil bruka tid i bønehuset til å lytta til Gud røyst. Me ønskjer at bønene og liva våre skal vera leia av det Han seier.
- Viktig å gje rom for at nådegåvene skal blomstra og koma i funksjon
Me vil gje rom for at menneske i bønehuset skal få utvikla dei åndelege gåvene sine. Me ynskjer spesielt at det profetiske skal få mykje rom blant oss.
- Vaka, be og velsigna det Gud gjer
Å vaka betyr at me er uthaldande i bøn. Me ber etter Guds vilje og held fram med å be til Guds vilje skjer på jorda. Me er kalt til å søke Gud inntil Jesus kjem tilbake for å hente si brur.
- Takksemd og tilbeding
Me vil takka og tilbe Gud i alle situasjonar.
- Me ber med forventning til Gud om lækjing og trur at Gud grip inn i umogelege situasjonar
Me trur Gud lækjer i dag, og derfor ber me med forventing om at Han skal gripa inn med lækjedom. Han vil setja menneske fri og hjelpa dei ut av det som kan verka som umogelege situasjonar.
- Me foraktar ikkje den vesle begynnelse
Me trur at det er kraft i det som er lite, og ser stort på dei små tinga som me ser Gud gjera.
- Me er ikkje ein forsamling, men eit tverrkyrkjeleg bønehus
Me er ikkje ei forsamling, men menneske som samlast for å søkja Gud saman. Me oppmuntrar folk til å ha fellesskap og forsamlingsliv utanfor bønehuset. Me trur at når Gud ser på forsamlinga, ser Han berre ei forsamling. Me er Hans kropp og den er ikkje delt.
- Me vil vera til velsigning for forsamlingane på Voss
Me er kalla til å vera til velsigning for dei rundt oss. Me ønskjer spesielt å velsiga, løfta fram og be for forsamlingane på Voss. Me ber om einhet for Guds kropp på Voss og Vestlandet.
Leiarar
Øystein Hilleren er født i 1982, er gift med Sigrid og har fem sønner. Han var med å starte bønnehuset sammen med Anne Marit Dugstad og er fortsatt med i ledelsen. Han har et hjerte for bønn og for å se Voss og Vestlandet forvandlet av Gud. I tillegg liker han å se mennesker møtt av Gud og helbredet på gatene.
Anne Marit Dugstad kjem frå Voss og arbeider til dagleg som sjukepleiar på Voss Sjukehus. Ho er ei av dei som var med å starta Voss bønehus. Ho er veldig glad i å vera i bøn og tilbedelse i Herrens nærvær. Ho har et stort hjarte for Voss og det å be for bygda. Hennar draum er at Voss bønehus skal vekse, og at fleire skal oppleva kor godt det er å bruka tid med Jesus i bøn og tilbeding. Ho lengtar også etter å sjå bønesvar som er med på å forvandla Vossebygda.
Sigrid Hilleren er fødd i 1987 og kjem frå Osterøy. Ho er gift med Øystein og har seks gutter. Hun har lovsangsansvaret i bønnehuset og brenner for tilbedelse og løfte opp Jesus. Jobber også som barneleder i Nainkyrkja på Voss.
Anja Slåtten
Jostein Kringlebotten er født i 1976, kjem frå Stanghelle og har budd på Voss sidan september 2004. Arbeider til dagleg på Vossestrand Omsorgstun som reinhaldar. Har eit håp om at fleire ungdommer på Voss blir kjent med Jesus. At fleire ungdommar kan sjå kor fantastisk det er å be og lovsynge. Synest det er fantastisk å lytte til god lovsang.
Siv Tove Melve kjem opprinneleg frå̊ Voss og har komme tilbake etter mange år på austlandet. Ho bur på Melve saman med barn og barnebarn og arbeidar til dagleg som sjukepleiar ved Vossestrand Omsorgstun. Ho har vore med i bønehuset som bøneleiar i fleire år og har eit hjarte for Israel og det profetiske.
Bøneleiarar
Leiare og ansvarlege er bøneleiare i tillegg til andre lokale frivillige.
Lovsangsleiarar
Sigrid Hilleren er vaksen opp på Osterøy, busett på Voss og gift med Øystein Hilleren. Saman har dei sonen Peter Olai. Ho har vore med som lovsangsleder i bønnehuset sidan oppstarten, og leiar òg lovsong i den lokale forsamlinga si. Det å tilbe Jesus i ånd og sanning ligg henne på hjartet, og å sjå andre erfara Gud gjennom tilbeding og tid i nærværet hans.
Knut Kvamme kjem frå Voss, og er forsamlingsleiar i Voss Indremisjon. Han er også med som lovsongsleiar i Voss bønehus. Det største for Knut er å kjenne Jesus og eiga det evige livet. Han har eit stort hjarte for felleskap, bibel og bøn, og er svær takknemleg for å tena den levande Gud. For Knut får denne takken og tilbedelsen mellom anna utrykk i lovsangen både i Voss bønehus og ellers.
Mathias Furnes kjem frå Åsane i Bergen og etter eit år på International House of Prayer (IHOP-KC) drøymer han om å sjå lovsong og bønn stiga frå det norsk folk natt og dag forran Guds trone, og at forsamlinga skal finna plassen sin i intimitet med sin Skaper. Han er òg ein aktivt lovsongar i Kristkirken, ungdomsarbeidet Kanal U, diverse bønnehus og studera på NHH.
Anne-Linda Bratsberg Thorsen er gift med Kjell-Morten og bur i Bergen. Ho er ‘free-lance’ musikar og er med i det profetiske lovsangsbandet ‘Connected’. Ho speler trommar, syng og elskar å vera med på det Gud gjer rundt om i landet. Ho er mykje på reisefot og har òg gitt ut ein trommeundervisning over nett.
Bønehusråd
I rundt ti år har vi hatt Håvard og Karen Sand som våre mentorer i bønnehuset. De har jevnlig vært her på Voss og gitt oss råd og veiledning gjennom de utfordringer og den utviklingen vi har hatt. Vi er så takknemlige for dem begge og betydningen de har for oss i bønnehuset. Bønnehuset har gjennom årene vært i en stadig utvikling og vi tror at Gud kommer til å utvide våre grenser; derfor har vi besluttet å utvide gruppen av dem vi søker råd og veiledning fra. I slutten av oktober 2020, ble ‘Bønehusrådet’ opprettet og innsatt. Rådet blir nå de to første årene ledet Håvard og Karen Sand, og består av flere erfarne og gode mennesker som vi ønsker å knytte nærmere til bønnehuset. Bønehusrådet skal møte med ledergruppen i Voss Bønehus minst en gang i året og skal kunne komme med innsikt, råd og veiledning der det trengs. De vil også ha mulighet til å kunne gripe inn dersom de ser alvorlige utglidninger, teologisk eller etisk. Vi er svært takknemlig for hver enkelt av dem.
Rådsmedlemmar:
Anne-Linda Bratsberg Thorsen
Knut Johan Ullestad
Steinar Lofnes
Bjørn Olav Hansen
Mathias Furnes
Tarjei Cyvin
Håvard og Karen Sand
Sean Griffin
Givarteneste
Voss Bønehus vert drive av frivillige medarbeidarar, og er per dags dato utan tilsette. Vi drøymer om noko som er mykje mer enn det vi ser i dag, og derfor ønskjer vi også at dei som drøymer om at arbeidet skal blomstra og veksa kan vera med å gi økonomisk inn i arbeidet. Vi trur at det er ei velsigning å gje, og bønehuset ønskjer også å vera raus med å gje vidare.
Men det seier eg: Den som sparsamt sår, skal òg hausta sparsamt, og den som sår med velsigning, skal òg hausta med velsigning. Kvar må gje det han har bestemt seg for i sitt eige hjarte, ikkje med ulyst eller av tvang. For Gud elskar ein glad gjevar. Og Gud er mektig til å gje dykk alle gåver i rikt mål, så de alltid og i alle høve skal ha alt de treng, ja, ha overflod til all god gjerning. For det står skrive: Han strødde ut og gav til dei fattige, hans rettferd skal alltid vara. Han som gjev såmannen såkorn og brød til å eta, han skal òg gje dykk såkorn og la det bera rikt, og grøda av dykkar rettferd skal han gjera stor
2. Kor 9,6-10
Kontonummer: 9581.13.58364
Vipps: #551562#
Det er muleg å få skattefrådrag på gåver gitt til Voss Bønehus. Då er det viktig at du merkjer alle gåver med ditt fulle namn. I tillegg må du fylla ut eit skjema for samtykke. Skjemaet får du ved å henvenda deg på epost voss@vossbonehus.no
Fakturaradresse
Faktura til Voss Bønehus kan sendes til: Voss Bønehus c\o Øystein Hilleren, Osavegen 2a, 5704 Voss