Outcry

Outcry er ein bøne- og lovsongskonferanse på Voss, med eit spesielt fokus på tilbeding, og på bønehus. Det starta i 2015, og årets konferanse var den tredje me arrangerte.

Du kan lese meir om konferansen frå 2019 på outcry.no. Talene frå konferansen finn du under podcasts på Voss Bønehus sin heimeside.

Me trur at tilbeding er noko av det viktigaste me som kristne gjer. Tilbeding er eit rop om å få sjå Herren. Då Jesus gjekk inn i Jerusalem, sa han at om ikkje me vil tilbe ham, vil steinane rope (Luk. 19, 40). Me arrangerer Outcry som eit rop om at Han skal kome.

Når me ser Han, ser me at Han er verdig. Me ynskjer å sjå ein generasjon som samlast fordi Jesus Kristus er trekkplasteret, ein generasjon som elskar Han, vil møta Han og opphøgja Han. Me lengter etter at tilbeding i Ånd og sanning skal fylle forsamlingane på Vestlandet og i Noreg, og at Guds nærvær skal kome sterkt.

I Habakuk 2,14 står det at Herrens herlegdom skal fylle jorda, slik som havet dekkjer havets botn. Me trur at sann tilbeding er ein nøkkel til at Vestlandet og Noreg skal verte fyllt av Hans nærvær. Me drøymer også om at visjonen om 24/7 bøne- og lovprisningsstader skal gripe hjarta til dei som kjem på konferansen.

Voss Bønehus er hovudarrangør for konferansen, i samarbeid med menigheter på Voss og i Bergen.

Outcry – Herrens rop etter oss

Outcry – Menneskets rop etter Gud

Outcry i tilbedelse – Grensesprengande møtepunkt mellom menneske og Gud

Komiteen 2019

Komiteen 2019