Bønehus

I 2009 byrja Øystein Hilleren og Anne Marit Dugstad og av og til nokre fleire å møtast i «Nain» for å be for Voss. Dette var utifrå ein konkret draum om å starta eit 24/7-bønehus, og ein sterk lengsel etter å oppleva at vossingane vender attende til Gud.

Etterkvart har ting vorte meir formalisert. No kallar me oss «Voss Bønehus». Me ynskjer at arbeidet vårt skal vere tverrkyrkjeleg, med fokus på bøn, tilbeding og Guds nærvær. Me er ikkje ei ny forsamling, men ynskjer å vera til velsigning for forsamlingane på Voss. I 2016 vart vi med i Nasjonalt bøneråd. Me byggjer på klassisk evangelisk kristen tru og er åpne for karismatiske ytringar.

Ein vanleg bønehussamling

På ein vanelg bønehus- ettermiddag skiftar me mellom bøn, tilbeding og tid saman med Jesus. Det er av og til overføring frå IHOP, og nokre gonger har me annan musikk. Under desse bolkane er ein fri til å sitja, liggja, stå, dansa, lesa, be. Det vil og vera tid med lovsong og forbøn leia frå scenen.

Ein kan koma og gå på desse samlingane som ein vil, men det kan vera lurt å koma i starten av ein time.

Kva er 24/7 og bønehus rørsla?

I Åp. 4,8-11 står det om tilbedinga som føregår i Himmelen natt og dag. I Fadervår ber me ei bøn om at Herrens vilje skal skje på jorda som i Himmelen. På 17-hundretalet eksisterte det ein bevegelse i Europa, kalt Hernhuter-bevegelsen. Bøn gjekk på omgang, slik at det vart døgnkontinuerleg bøn 100 år i strekk.

I vår tid har bønehus oppstått, (nokon døgnkontinuerleg, andre nokre timar for dagen eller for veka) m.a. i USA-Kansas City, Brasil, Jerusalem, Nederland, England og Tyskland. I Norge har me m.a. Nordic Mission i Levanger, Bønn for Oslo, Bergen i Brann, Bønehus i Kristiansand og Stavanger. Ungdom i Oppdrag på Grimerud hadde to års kontinuerleg bøn mellom 2010 og 2012.

IHOP

IHOP står for International House of Prayer, og dette vil du møta gjennom Voss Bønehus. IHOP er eit 24/7-bønehus i Kansas City, USA. Dei starta for 15 år sidan, og har helde på kontinuerleg sidan då. Lovsongsleiarar som Misty Edwards og Audra Lynn er blitt kjent gjennom IHOP. Leiaren for IHOP heiter Mike Bickle.

Lat riket ditt koma , Lat viljen din råda på jorda så som i Himmelen
Matt. 6,10

Visjon og verdier

for Voss Bønehus

1. Me drøymer om eit 24/7-bønehus på Voss.

Eit 24/7-bønehus betyr at det er kontinuerleg bøn og tilbeding natt og dag, 24 timar i døgnet/7 dagar i veka.

Me ynskjer å vera ein del av Bønehusbevegelsen, som f.eks. Ffald-y-Brenin, 24/7prayer, Nordisk Bønnesenter i Levanger og International House of Prayer – Kansas City, USA (IHOP)

2. Voss Bønehus er ein stad for Herrens nærvær

 Me har tru for at Herren vil koma nær når me er samla til bøn og tilbeding. Me lengtar etter å erfara meir av Hans nærvær, og å sjå meir av Han.

 

Så sveipte skya seg om møteteltet, og Herrens herlegdom fylte heilagdomen (tabernaklet). Moses kunne ikkje gå inn i møteteltet, fordi skya låg over teltet og Herrens herlegdom fylte heilagdomen (tabernaklet.) For Herrens sky låg over heilagdomen om dagen, og om natta lyste ho som eld for augo på alle israelittane, så lenge ferda varte
 2 Mos. 40. 34-35 og 38

 

Så har vi då, brør, i Jesu blod frimod til å gå inn i heilagdomen. Dit inn har han opna ein ny og levande veg for oss gjennom forhenget, det vil seie hans jordiske lekam. Og når vi har så stor ein prest over Guds hus, så lat oss stiga fram med ærleg hjarta, med full visse i trua, med hjarta reinsa for vondt samvit og lekamen lauga i reint vatn.
Hebr. 10, 19-22

Lovsang

3. Voss Bønehus er ein stad for tilbeding, bøn og forbøn

Tilbeding

Me ynskjer at tilbeding av Herren skal ha ein sentral plass i Bønehuset, fordi me trur at Han har skapt oss for å tilbe,- og fordi Han er verdt det!

Me tilber fordi Han har sett oss fri frå synd, skam og sjukdom. Me ynskjer å syngja til Gud, ikkje berre om Gud. Me ynskjer å samla menneske med spesielt kall til tilbeding og lovsongsleiing for å utføra denne tenesta.

«Eg vil lovsyngja Herren; Til evig tid skal alt som lever, lova Hans Heilage Namn»
Salme 145,21

Natt og dag ropa dei, utan stans: Heilag, heilag, heilag er Herren Gud, Den Allmektige, han som var og som er og som kjem
Åp. 4,8b

Bøn

Bøn er kommunikasjon med vår himmelske Pappa. Me trur at bøn skal vera like naturleg som i eit godt far-barn-forhold.

Me ynskjer at den einskilde skal få bruka rikeleg tid med Herren, utvikla sitt hjarteforhold til Han, kjenna Han og Hans fred som overgår all forstand. Å bruka tid saman med Herren gjer noko med oss. Me vert forvandla til Hans bilde.

Det var ikkje ei trældomsånd de fekk, så de atter skulle reddast. Nei, det var Barnekårsanden de fekk, som gjer at vi ropar Abba, Far
Rom 8.15

Forbøn

Me ynskjer å samla dei som er kalla til forbøn, slik at me saman kan be om gjennombrot for Guds rike, og slik at menneske omvender seg til Herren. Me ber for forsamlingane på Voss, om frelse for menneska som bur her og for alt som rører seg i samfunnet.

Me har tru for å be om at Voss skal forvandlast til det Gud vil. Me drøymer også om at våre forbøner skal påverka Vestlandet, Norge, ja, til og med Europa!

Svar meg, Herre, svar meg, så dette folket kan sjå at du, Herre, er Gud, og at du vender hjarto deira attende til deg
1. Kong 18,37

Eg vil gå føre deg. Bakkar vil eg jamna, bronsedører vil eg sprengja, og jernbommar vil eg slå sund. Eg vil gje deg skattar, dulde i mørket, og rikdomar, gøymde på løynlege stadar, så du skal vita at eg er Herren, Israels Gud, som har kalla deg på namn
Es. 45.2-3

4. Voss bønehus skal vera ein ressurs i bøn og tilbeding for Voss og området rundt

 

Me ynskjer å vera til inspirasjon for forsamlingane på Voss, f.eks. gjennom å tilby undervisning og praksis spreia. Me ynskjer å spre Bønehusvisjonen til bygdene omkring (f.eks  Sogn, Kvam og Vaksdal)

 

Bøn for Voss

Profetiske ord for Voss Bønehus

 

 

Me trur at Gud har gitt oss i bønehuset nokre bibelavsnitt som er spesielt til oss. Desse avsnitta seier mykje om det vi går for i Voss Bønehus, og blir brukt jevnleg i  bønnearbeidet.

 

  • Elva Esekiel 47
  • Der Herrens Ande er, der er det fridom Jesaja 61
  • For Sions skuld vil eg ikkje teia, hverken dag eller natt Jesaja 62
  • Ein stad der menneske kan få møte Gud og lære å kjenna Hans vegar Jesaja 2,2-5

 

Eit endra samfunn

 

Me drøymar om å sjå at Voss vert forandra. At menneske byrjar å tru på Jesus, at familiar vert gjenoppretta, at Guds ord og bøn kjem inn igjen i samfunnslivet, f.eks i næringsliv og skule. Me trur at bøn og tilbeding er nøklar til at dette kan skje.

Leiarar

Øystein Hilleren er født i 1982. Gift med Sigrid og har tre sønner. Startet bønnehuset sammen med Anne Marit Dugstad og er med å lede det fortsatt. Har et hjerte for bønn og å se Voss og Vestlandet forvandlet av Gud. I tillegg liker han å se mennesker møtt av Gud og helbredet på gatene.

Anne Marit Dugstad kjem frå Voss og arbeider til dagleg som sjukepleiar på Voss Sjukehus. Ho er ei av dei som var med å starta Voss bønehus. Ho er veldig glad i å vera i bøn og tilbedelse i Herrens nærvær. Ho har et stort hjarte for Voss og det å be for bygda. Hennar draum er at Voss bønehus skal vekse, og at fleire skal oppleva kor godt det er å bruka tid med Jesus i bøn og tilbeding. Ho lengtar også etter å sjå bønesvar som er med på å forvandla Vossebygda.

Jostein Kringlebotten er født i 1976. Kjem frå Stanghelle og har budd på Voss sidan september 2004. Arbeider til dagleg på Vossestrand Omsorgstun som reinhaldar.  Har eit håp om at fleire ungdommer på Voss blir kjent med Jesus. At fleire ungdommar kan sjå kor fantastisk det er å be og lovsynge.Synest det er fantastik å lytte til god lovsang.

John Bollen er en herlig mann fra New Zealand som spiller de fleste instrument. Han leder lovsang i bønnehuset og reiser og rundt i Norge. John elsker padling, paragliding, ski og å være ute. Han har hjerte for mennesker og de skal få et møte med Jesus

 

 

 

 

 

Irene SkjervheimIrene Skjervheim kjem opprinneleg frå Fedje og gifta seg med ein Vossing. Ho arbeider til dagleg på sjukehuset og er og med i heradsstyret på Voss. Irene har eit hjarte for å søkje Gud og vere med på det han kallar til. Ho er sosial, har ofte ein treffende replikk, fulgt av ein god latter. Hun har eit hjarte for Voss og for at menneska her skal få høyre om Jesus og at me som kristne skal leva nært Jesus.

Bøneleiarar

Leiare og ansvarlege er bøneleiare i tillegg til andre lokale frivillige.

Lovsangsleiarar

Sigrid Hilleren  er vokst opp på   Osterøy, bosatt på Voss og gift med Øystein Hilleren. Sammen har de sønnen Peter Olai. Hun har vært med som lovsangsleder i bønnehuset siden oppstarten, og leder også lovsang i sin lokale menighet. Det å tilbe Jesus i ånd og sannhet ligger henne på hjertet, og å se andre erfare Gud gjennom tilbedelse og tid i hans nærvær.

 

 

 

 John Bollen er en herlig mann fra New Zealand som spiller de fleste instrument. Han leder lovsang i bønnehuset og reiser og rundt i Norge. John elsker padling, paragliding, ski og å være ute. Han har hjerte for mennesker og de skal få et møte med Jesus

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Mathias Furnes kommer fra Åsane i Bergen og etter et år på International House of Prayer (IHOP-KC) drømmer han om å se lovsang og bønn stige fra det norsk folk natt og dag forran Guds trone, og at menigheten skal finne sin plass i intimitet med sin Skaper. Han er også en aktivt lovsanger i Kristkirken, ungdomsarbeidet Kanal U, diverse bønnehus og studere på NHH

Knut Kvamme        kjem frå Voss, og er forsamlingsleiar i Voss Indremisjon. Han er også med som lovsongsleiar i Voss bønehus. Det største for Knut er å kjenne Jesus og eiga det evige livet. Han har eit stort hjarte for felleskap, bibel og bøn, og er svær takknemleg for å tena den levande Gud. For Knut får denne takken og tilbedelsen mellom anna utrykk i lovsangen både i Voss bønehus og ellers.

Givarteneste

Voss Bønehus vert drive av frivillige medarbeidarar, og er per dags dato utan tilsette. Vi drøymer om noko som er mykje mer enn det vi ser i dag, og derfor ønskjer vi også at dei som drøymer om at arbeidet skal blomstra og veksa kan vera med å gi økonomisk inn i arbeidet. Vi trur at det er ei velsigning å gje, og bønehuset ønskjer også å vera raus med å gje vidare.

Men det seier eg: Den som sparsamt sår, skal òg hausta sparsamt, og den som sår med velsigning, skal òg hausta med velsigning.  Kvar må gje det han har bestemt seg for i sitt eige hjarte, ikkje med ulyst eller av tvang. For Gud elskar ein glad gjevar. Og Gud er mektig til å gje dykk alle gåver i rikt mål, så de alltid og i alle høve skal ha alt de treng, ja, ha overflod til all god gjerning. For det står skrive: Han strødde ut og gav til dei fattige, hans rettferd skal alltid vara. Han som gjev såmannen såkorn og brød til å eta, han skal òg gje dykk såkorn og la det bera rikt, og grøda av dykkar rettferd skal han gjera stor

 2. Kor 9,6-10

Kontonummer: 9581.13.58364

Vipps: #551562#

Det er muleg å få skattefrådrag på gåver gitt til Voss Bønehus. Då er det viktig at du merkjer alle gåver med ditt fulle namn. I tillegg må du fylla ut eit skjema for samtykke. Skjemaet får du ved å henvenda deg  på epost voss@vossbonehus.no

Fakturaradresse

Faktura til Voss Bønehus kan sendes til: Voss Bønehus c\o Øystein Hilleren, Osavegen 2a, 5704 Voss